Om
Akkurat nå har eg ein pause frå å skriva på nettsida, kor lang pausen blir veit eg ikkje. Men det er mange andaktar og bilete å lesa sjølv om det ikkje kjem nye.
Meg
Mitt navn er Gunnstein Vassbø. Eg er ein mann i 40-åra som brenn for at menneske må få høyra om Jesus, og eg trur at det som står i Bibelen er sant. Bibelen er Guds ord til oss menneske.
Eg har lyst å vere med å vise kven Jesus er, og kva som står i Bibelen. Det håper eg at eg kan gjere med denne nettsida.
Eg har vakse opp i ein kristen familie. Tok vel eit endeleg standpunkt i konfirmasjonstida at eg ville følgje Jesus. Eg har gått på ein kristen vidaregåande internatskule, noko som nok var dei 3 beste åra i mi ungdomstid og kan varmt anbefalast.
Det kristne landskapet i Noreg er på mange måtar ulikt, men eg håpar at me er enige om det viktigaste. Det kan oppsummerast i «Den vesle Bibelen» som står i Joh. 3,16:
«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»
Kvifor fjellvatnet.no?
Eg likar å gå meg ein tur. Og ein av dei stadane eg får mest ro er når eg kan setje meg ned ved sida av eit fjellvatn og berre sjå utover naturen. Det gir meg påfyll!
Eg vil dele tre bibelvers som var med å leggje grunnlag for akkurat denne nettadressa.
Matteus 7,24-25: «Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elevane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.»
Johannes 7,37: «Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: Den som tørstar, skal koma til meg å drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»
Salme 23,2: «Han let meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.»
Bruk av innhald frå fjellvatnet.no
Eg tener ikkje penger på fjellvatnet.no. Bileta på nettsida har eg sjølv tatt. Innhald på fjellvatnet.no kan fritt nyttast privat og i forsamlingar. Men eg ønskjer at viss du bruker noko av det som er her, skal det krediterast fjellvatnet.no. Innhald frå sida skal på ingen måte brukast kommersielt eller selgast vidare.
Bilete som blir brukt skal ikkje redigerast.
Bibelversjon
Den bibelversjonen som i det meste blir brukt på nettsida er 2011-utgåva på nynorsk.
Viss du ønskjer å lese meir i Bibelen kan eg anbefale nettbibelen på Bibel.no, eller appen «Bibel + Audio» i App Store og Google Play.
Eg kan og varmt anbefale podkasten «Bibelen på ett år» som du kan lese meir om her.
Kontakt
